Meny
112 millionar til konkurransedyktig sjøtransport – felles utlysing av tilskotsordningar Foto: Kystverket

Publisert
05.December.2019

112 millionar til konkurransedyktig sjøtransport – felles utlysing av tilskotsordningar

15. desember er søknadsfristen for tre ulike tilskotsordningar som Kystverket forvaltar; tilskot til godsoverføring, tilskot til effektive og miljøvennlege hamner og tilskot til hamnesamarbeid. Til saman kan 112 millionar kroner tildelast søkarar med kvalifiserte prosjekt.

Forutan ein felles søknadsfrist 15. desember 2019, har dei tre tilskotsordningane det til felles at dei skal legge til rette for ein konkurransedyktig sjøtransport slik at sjøvegen blir vald for transport av gods der dette er mogeleg.

– Å styrke konkurranseevna til sjøtransporten er ei viktig oppgåve for Kystverket. Desse tilskotsordningane er nokre av verkemidla Kystverket kan nytte i det arbeidet. Vi har opplevd stor interesse om ordningane, og vi vonar at dette fortset i 2020, seier avdelingsdirektør Sven Martin Tønnessen.

Utlysinga skjer med atterhald om at Stortinget vedtek forslaget til statsbudsjett for 2020.

Meir informasjon om dei ulike tilskotsordningane finn du her:

Godsoverføring

Tilskot til godsoverføring frå veg til sjø skal bidra til godsoverføring gjennom etablering av nye sjøtransporttilbod for gods som i dag går på veg. Reiarar innan EØS, med skip flagga i eit EØS-land kan motta tilskotet i maksimalt tre år. I forslaget til statsbudsjett for 2020 er det sett av 50 millionar kroner til ordninga.

Effektive og miljøvennlige hamner

Tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner skal bidra til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tiltak i hamn. Prosjekta skal munne ut i redusert tidsbruk for skip og lastebilar i hamn. I forslaget til statsbudsjett for 2020 er det sett av om lag 51 millionar kroner til ordninga.

Hamnesamarbeid

Tilskot til hamnesamarbeid skal bidra til auka transportkvalitet og reduserte prisar i hamn. Hamnene skal samarbeide om felles løsningar som kan bidrege til at kostnadane for brukarane i hamnene går ned. I forslaget til statsbudsjett for 2020 er det sett av om lag 11 millionar kroner til ordninga.