Meny
Internasjonal hydrogenbilturné startet i Bergen

Publisert
14.June.2016

Internasjonal hydrogenbilturné startet i Bergen

Ti hydrogenbilar rulla mandag ut frå Bergen og sette kursen mot Italia. Dei kom til Bergen med full hydrogentank, ettersom næraste fyllestasjon er i Porsgrunn.

Det er bilfirmaet Hyundai som stiller med 10 bilar til ferda og med følgjer 10 journalistar frå Tyskland, England, Finland og Ungarn.

Turneen strekkjer seg over fem køyredagar mellom byane Bergen – Aalborg – Hamburg – Düsseldorf – München – Bolzano som til saman er 2500 km.

Venter berre på Enova

Fylkestinget har løyvd fire millionar kroner til to hydrogenfyllestasjonar i bergensområdet. På Danmarksplass er det avsett plass for stasjonen, men førebels manglar delfinansieringa frå Enova før operatøren, Uno-X, kan etablere den. Fylkeskommunen er i dialog med Enova for å sikre ein god framdrift.

– Eg er glad for at eit fleirtal i energi- og miljøkomiteen no har innstilt overfor Stortinget at regjeringa gjennom ein ny avtale og mandat for Enova skal sikre støtte til etablering av eit nettverk av hydrogenstasjonar i dei største byane og korridorane mellom, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

– I innstillinga står det også at dei skal syte for at dei første stasjonane vert etablert i 2017, og det bør bety at stasjonen på Danmarksplass kan opne om ikkje så lenge, seier Kårbø.

Best i klassen

Hordaland er best i klassen når det gjeld tal nullutsleppsbilar på vegane ettersom kvar tredje bil som blir selt er ein nullutsleppsbil. Det er det høgaste talet for ein region i heile EU. Ti prosent av bilane som køyrer gjennom bompengeringen er elbiler. Fylkeskommunen har tilrettelagt for desse gode tala gjennom å etablere hurtigladestasjonar og normalladestasjonar mange stader i fylket. Denne suksessen i internasjonal samanheng er hovudgrunnen til at hydrogenturneen startar nettopp i Bergen.

Politiske verkemiddel og flott vestlandsnatur

Grunnen til at billøpet starta i her er for det fyrste at Hordaland er eit fylke med ein høg del nullutsleppsbilar. For det andre ønskjer Hyundai å vise fram hydrogenbilane i flott natur. For det tredje vil dei setje fokus på at fyllestasjonane manglar for at hydrogen kan bli et reelt alternativ.

Hydrogenbilar har ei rekkevidde på 500 – 600 km. Det finst berre 71 fyllestasjonar i Europa, men for ruta som er valt skal det rekke heilt til Bolzano.

– Hordaland fylkeskommune støttar teknologi for å sikre målet om nullutslepp, og fylkespolitikarane har difor løyvd pengar til innkjøp av to hydrogenbilar, vel og merke når fyllestasjonen er på plass, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.