Meny
Tilrår å vurdere samfunnsnytte ved prioritering av togruter Rapporten tek til orde for at samfunnsnytten til godstoga òg må bli vurdert ved tildeling av togruter, -med Oslo - Bodø som døme. Foto: Njål Svingheim

Publisert
13.October.2020

Tilrår å vurdere samfunnsnytte ved prioritering av togruter

Jernbanedirektoratet har vurdert framføringstida for godstoga ved å nytte strekninga Oslo – Bodø som døme. Som følgje av stadig fleire persontog på delar av strekninga, har framføringstida av godstoga auka.

Ein ny rapport frå Jernbanedirektoratet reiser spørsmålet om godstoga bør givast høgare prioritet ved tildeling av ruteleiger.

På delar av jernbanenettet er det ikkje kapasitet til å etterkomma alle ynskje om ruteleiger. Det er Bane NOR som prioriterer og tildeler ruteleiger etter gitte kriterium. I dag er det slik at offentleg kjøpt trafikk skal givast prioritet ved tildeling av ruteleiger, noko som fører til at persontog blir prioritert føre godstog. Rapporten har kartlagt utviklinga i køyretid for godstog mellom Alnabru og Bodø. Køyretida på strekninga har gjennom fleire år stadig auka fordi godstoga må vika for veksten i persontrafikken.

Rapporten har òg analysert kva tiltak som må gjennomførast i infrastrukturen for å unngå stadig lengre køyretider for godstoga. Dette dreier seg i stor grad om dobbeltsporparseller, nye kryssingsspor og lengre kryssingsspor.

Rapporten tek òg for seg kva effekt det kan gi å endra på prioriteringsreglane til visse tider av døgnet, til dømes når det er forholdsvis få reisande i persontoga lokalt. Konklusjonen er at desse forholda bør kartleggast nærare og at det bør gjerast samfunnsøkonomiske utrekningar som grunnlag for ei eventuell endring av prioriteringsreglane ved tildeling av ruteleiger.

Bakgrunnen for at Jernbanedirektoratet har laga rapporten er eit ynskjee frå fleire hald om å sjå på korleis konkurranse-evna til godstoga kan betrast.