Meny
Yrkessjåførar med syn på eitt auge kan fortsette å jobbe som tungbilsjåførar Foto: Heggø / Samferdselsdepartementet

Publisert
17.September.2019

Yrkessjåførar med syn på eitt auge kan fortsette å jobbe som tungbilsjåførar

– Yrkessjåførar med syn på eitt auge som har køyrt bil i mange år, får no høve til å halde fram med dette. Vi tar vare på tryggleiken i trafikken samstundes som vi ikkje tvinger dei det gjeld ut av yrket som sjåfør. Det handlar om arbeidsplassane til folk.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har avgjort at det framleis skal kunne gis unntak frå helsekrava for førarkort for lastebil og buss for personar med syn på eitt auge. Det har i mange år blitt stilt krav om syn på begge auge for å få førarkort til lastebil og buss. Det er likevel ein del sjåførar som har fått unntak. Etter tidlegare reglar kunne det ikkje bli gitt unntak lenger enn 30. september 2019.

– Med endringar som blir fastsett no vil det også utover 30. september 2019 vere mogeleg å forlenge allereie godkjende unntak til førarar med syn på berre eitt auge, seier Dale.

Framleis krav om medisinsk vurdering og praktisk køyrevurdering

For å ivareta tryggleiken skal det framleis vere slik at dei aktuelle førarkortinnehavarane skal gå igjennom ein individuell medisinsk fagleg vurdering og gjennomføre praktisk køyre­vurdering før dispensasjonen kan bli forlenga.

Får ikkje opphald i førarretten

Ein skal ikkje få opphald i førarretten som følge av at det vil være praktisk vanskelig å få behandla søknad om lengre dispensasjonen innan 30. september. Ved å ta kontakt med Statens vegvesen kan ein få utstedt midlertidig løyve som ein vil kunne køyre på midlertidig. Det kan være behov for ny helseattest.

Det blir også ein overgangsordning som gjør at dei som i løpet av 2019 har fått forlenga dispensasjonen kan få ytterligare forlenging utan ny helseattest og køyrevurdering.